top of page

YouTube

 

Elle Nystad - Elle lagar blogginnlegg på nordsamisk med norske undertekster. Innhaldet er ei god blanding av personlege forteljinger, sminketips,  innsikt i Ellen sitt liv og meir. Passar bra for ungdommar, kanskje spesielt jenter.

NRK JUŊKÁ - Ei god blanding av humor, sketsjar, let's play, vlog og musikkvideoar leia av Anders Nils Gaup og Jon Henrik Hivand og produsert av NRK Sápmi. Produksjonskvaliteten er høg. Innhaldet er på nordsamisk med norske undertekster. Passar kanskje spesielt for unge gutar. 

Sámediggi Sametinget - Sametinget sin offisielle YouTube kanal. Dei legg ut innhald på både samisk og norsk, og har også fleire videoar om språk og språktips. 

Sámi mánáidlávlagat - Ein YouTube kanal som har omsatt og dubba små barnefilmar til nordsamisk, blant anna Peppa Gris. Denne passa godt for både barn og nybyrjarar i samisk.

dap - Ein blogg av ei ung jente som viser oss ulike sider av sin kvardag. Mesteparten av videoane er på nordsamisk. 

Kárenaš Sámi Giella- ja kulturguovddáš  - Kanalen har berre fem videoar, men dei er likevel flotte for både å høyra litt nordsamisk og læra litt om nordsamisk kultur. 

SamiMation - Ei rekke små stop motion animasjonsfilmar med bruk av lego. Filmane er på ca. 30-40 sekund og er på samisk. Dei er teksta på både samisk og engelsk.

Andre videoar

 

Møte i Sametinget - blir omsatt og simultantolka til norsk, nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk, alt etter kva for eit språk som blir snakka. Flotte videoar å bruka ettersom du kan høyra innlegga på både samisk og norsk.

bottom of page