top of page

Samiske TV-seriar 

Samernas tid (2017) - Svensk dokumentarserie frå SVT om historia til samane. Serien består av tre episodar på éin time kvar. Den er tilgjengeleg på nordsamisk, sørsamisk, lulesamisk og svensk.

Ante (1975) - handler om sameguten Ante som ynskjer å ta over reindrifta etter faren. Serien er laga for barn og tek opp tema om å passa inn i majoritetsamfunnet som ein minoritet, fornorskinga og samisk identitet og kultur frå eit barneperspektiv. 

Agnete jienáda (Agnete bruker stemmen sin) - handlar om Agnete, ei ung samisk kvinne som er usikker på sin eigen samiske identitet. I fem episodar utforskar ho dette frå ulike sider. Serien inneheld delar på nordsamisk og delar på norsk med norske undertekster.

Renskötarna (2017) - Svensk dokumentarserie frå SVT om tre unge reineigarar på nordsamisk og svensk.

iMAŠ (2020) - Norsk dramaserie for barn laga av NRK på nordsamisk. Den handlar om tre unge agentar som må løysa ulike oppdrag. 

Ođđasat - Nyhende på nordsamisk på NRK. Publiserast kvar dag.

Sámi Grand Prix - er ein samisk versjon av den så kjende europeiske musikkonkurransen. Den blir haldt i Kautokeino i påskefestivalen der. Det er eit flott høve til å bli kjend med nye samiske artistar.

Sámi álbmotbeaivi (Samefolkets dag) - er ei spesialsending rundt 6. februar for å feira samefolkets dag. Den blir laga av NRK på samisk.

ieŽár - Ein dokumentarserie om samiske born og deira liv og forteljingar. Det er ein seire laga for born på nordsamisk og andre samiske språk. 

Buđaldanáigi - er ein serie på nordsamisk som handlar om ulike born og deira fritidsaktivitetar. Serien har norske undertekster.

Ruskagonagas ja Garjá - er ein TV-serie laga for born i samarbeid med NRK. Serien handlar om ein luren kar som lev i sitt "søppelparadis", men som støtt og stadig blir plaga av kråker. Serien har norske undertekster.

Villes verden - er ein nordsamisk TV-serie laga for born. Den har norske undertekster.

Ribat-Rábat - er ein serie laga for born. Heidi, programleiaren, visar korleis du kan laga ting av alt mogleg rart. Serien har ikkje undertekster.

Dubba TV-seriar

Mummidalen (Mummen vaggi) - er ein britisk-finsk animasjonsserie frå 2018 basert på den kjende finske figuren mummi. Serien er dubba til nordsamisk og tilgjengeleg på NRK ut 2026 med norske undertekster.

Brannmann Sam (Dollaalmmái Sam) - er ein serie frå 2021 som har blitt dubba til nordsamisk. Den er tilgjengeleg på NRK ut 2026 med norske undertekster.

Minibarna (Minimáná) - Barne-TV for dei aller minste. Her er språket veldig lett og kan kanskje passa for nybyrjarar med noko tolmod. 

Tema - Funksjonsnedsettelser - er ein NRK-super serie for bornsom originalt er på norsk. Serien handlar om ulike born med nedsatt funksjonsevne som prøvar seg på ulike utfordringar. Den er ikkje dubba til nordsamisk, men har norsk tale med nordsamiske undertekster.

bottom of page