top of page

Særeigne samiske rettar

 

Som ei urfolksgruppe har samar i Noreg særeigne rettar basert på både nasjonale lovar og internasjonale konvensjonar og avtalar. Her er nokre av dei.

Generelt

FN si erklæring om urfolks rettar - er eit omfattande dokument med 46 artiklar. Målet med fråsegna er å anerkjenne og verne urfolkssamfunna sine rettar på globalt nivå. Den dekkjer eit breitt spekter av tema, inkludert retten til sjølvstyre, kultur, utdanning, helse, landrettar og deltaking i avgjerdsprosessar. Fråsegna vektlegg viktigheita av å respektere urfolkssamfunna sine tradisjonar, språk og kulturar.

ILO‑konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar  - 

 

Språk og kultur

Forvaltningsområdet for samiske språk - er eit område der samisk og norsk er likestilite. Alle der har rett til å nytte samisk språk i møte med offentlege etatar i forvaltningsområdet for samisk språk. Kommunane som er med er: Kåfjord, Levangen, Kautokeino, Karasjok, Tana, Nesseby, Porsanger, Tjeldsund, Hamarøy, Hattfjelldal, Snåsa, Røyrvik og Røros. 

Rett til opplæring i og på samisk - Alle samiske elevar, uansett kvar dei bur i Noreg, har rett til å læra eitt av dei tre samiske språka nordsamisk, sørsamsik eller lulesamisk. 

Stipend til elevar med samisk i vidargånde skule - Elevar som har samisk som første-, andre- eller framandspråk på vidaregåande kan søka om eit stipend frå Sametinget. Satsane per 2023 er 10 000 NOK til elevar med samisk som førstespråk, 6000 NOK til elevar som tek samisk som andrespråk Samisk 2, 3500 NOK til dei som tek samsik som andrespråk Samisk 3 eller Samisk 4 og 3500 NOK til dei som tek samisk som framandspråk.

Språkstipend i høgare utdanning

Stipend for høgare utdanning

Kultur og idrettsstipend

Duodjistipend

Full oversikt over tilskuddsordningar -

 

 

Politikk

Rett til å melda seg inn i Sametingets valmanntal - Alle som er registrert i Sametingets valgmanntal har rett til å stemma i sametingsval. For å registrera seg må ein vera fylt 18 år og anten a) ha samisk som heimespråk, b) ha ein forelder, besteforelder eller oldeforelder som har hatt eller har samisk som heimespråk eller/og c) er barn av ein person som står eller har stått i manntalet. 

 
bottom of page