top of page

Omsetjingsprogram

Google Omsetjar - Google har sidan 2024 lansert ein omsetjar for nordsamisk til andre språk. Den omsetjar både frå og til samisk. 

iellatekno Apertium - Omsetjingsprogram utvikla i samarbeid med UiT frå nordsamisk til norsk. Programmet omsett ikkje frå norsk til nordsamisk.

TartuNLP - Estisk omsetjingsprogram som kan omsetja frå engelsk til samisk og samisk til engelsk. Den har mange samiske språk, blant anna lulesamisk, sørsamisk og nordsamisk (i tillegg til mange andre språk). Omsetjingane er av varierande kvalitet. Tips: bytt språk på nettstaden frå estisk til engelsk i høgre hjørne (EN). 

Ordbøker (nett)

Neahttadigisánit - Ei fin ordbok på nett som lar deg søka på både norsk og samisk. Du kan også søka på bøgde ord. Hugs at "Davvisámegiella" er nordsamisk og "Dárogiella" er norsk. 

Norsk-nordsamisk ordbok - Ei anna fin ordbok på nettet som lar deg søka på norsk og samisk. Denne lar deg derimot ikkje søka på bøgde ord.

Vuosttaš Digisánit - Ei ordbok som du kan lasta ned på både PC og mobil. Den har mange ord og kjenner også igjen bøgde ord.

OAHPA! Ordforråd og ordlister - Tematisk ordliste med vanlege og nyttige ord innanfor fleire kategoriar.

GEO stedsnavnspar - Ein nettressurs som lar deg omsetja stadsnamn i Sápmi frå norsk til nordsamisk.

Norgeskart (samisk) -  På Norgeskart si side kan du velga samisk og få opp samiske stadsnamn i Noreg. 

Ordbøker (fysisk)

Norsk–samisk skuleordbok - Ei lita norsk-samisk ordbok på ca. 100 sider.

Sami-daru satnegirji (samisk-norsk ordbok) - Ei anna fysisk ordbok, men langt meir utfyllande enn skuleordboka. Den har omlag 35 000 ord fordelt på over 600 sider. 

Webster’s Saami - English Thesaurus Dictionary  - Ei bok som er laga for samiskspråklege for å læra engelsk. Den inneheld engelsk synonym og visar korleis dei best kan omsetjast til samisk. Dette kan også vera nyttige for folk som kan godt engelsk for å få innsikt i språknyansar i samisk.

bottom of page