top of page

Lærebøker

 

Davvin 1-4 - Fire bøker frå 1980- og 90-talet laga frå heilt nybyrjarnivå fram til øvre nybyrjarnivå. Dei gjer deg ein god base i grunnleggjande ordforråd og grammatikk, i tillegg til innsikt i språkbruk og samisk kultur. Originalt oppbygd som eit brevkurs.

Sápmi go? - Lærebok for nordsamisk for bruk i samisk som framandspråk i vidaregåande skule. Boka inneheld lesestykke, oppgåver, ordliste og språklære. I boka finn du også dikt, joike- og sangtekstar.  

Váriin 1, 2, 3, 4, Vákkiin 1,2,3,4 og Vuonain 1,2,3,4  - Flott pedagogisk og tverrfagleg bokserie (12 bøker totalt) på nordsamisk til bruk i den norske skulen. Serien består av fleire bøker og er laga av samisklærarar. Dei passer godt for dei som kan litt samisk i får før. Titlane kan omsetjast til "på fjella", "i dalane" og "ved fjordane".

Gággi - Gággi er ei lærebok for nordsamisksamisk som andrespråk, samisk 2 og samisk 3 for barnetrinnet (1-7). Inneheld både teikne og skriveoppgåver.

Calliidlagadus - Ulike lærebøker (og anna materiell) for forskjellige fag i skulen laga på nordsamisk. Bøkene er gratis tilgjengelege digitalt. Dei er laga for samiskspråklege elevar, så alt er på samisk og dei passer best for dei som kan ein del nordsamisk frå før.

Sámigiella 1-2-3 - Ei fin og kortlest bok for barn for å læra samisk. Den inneheld grunnleggjande ord og frasar med passande bilete. 

Lettleste bøker

 

Lohkanfieski - dássi 1-15 - Femten lettleste bøker fordelt på tre nivå (to til fire) om ulike tema.

Giellamet 1-3 - Ein bokserie på tre bøker laga for born på mellomtrinnet med samisk som førstespråk. Tekstane er likevel korte og lettleste og passar difor også bra for dei som lærar samisk som framandspråk.

 

Máilmmi jálumus mánná - Lettlest bok for ungar. Den inneheld mytiske vesen som skrømt og draugen.

Áfruvvá - Ei lettlest bok for ungar. Den handlar om jenta som fikk havets joik og blei til ei havfrue. Det er bygd på eit sjøsamisk segn.

Ánin Dánin - Mu lohkangirji - Lesebok på samisk laga for førsteklassingar med veldig lesttleste tekstar på samisk.

Jones-bojá vuolgá amas máilbmái - Ei barnebok om musa Jones-bojá og hans ferd til den underjordiske museverda.

Elle, gos don leat? - Ei lettlest bok om ungdommen Jovnna som handlar om ungdomsopprør, vennskap, å finna sin eigen identitet og ikkje minst eit ønske om å spela trommer.

Nieidagorži - Ei lettlest og fri gjenforteljing av ei samisk segn om ei jente som segler i ei tønne frå fjellet til havet.

Searaid fearánat - Ei barnebok som handlar om to sysken, ei jente og ein gut, som opplever eit spennande eventyr saman. Her er ein modig helt som tek saka i eigne hender, og Maria, som ikkje gir opp, sjølv om ho er redd. Dei oppdagar livets mange mysterier i løpet av eit år.

Sára beaivegirji - mánáid- ja nuoraidromána - Ei barnebok som handlar om 11 år gamle Sara og hennar fantastiske fantasi. 

 

bottom of page