top of page

Nybyrjarar (A1-A2)

Kursa Oahpa SAM-1031 - Eit omfattande og gratis kurs med tekst, ord, fraser og grammatikk laga for nybyrjarar av nordsamisk. Kurset er knytt til UiT sitt emne SAM-1031 Samisk som fremmedspråk: Innføringskurs 1 (20 studiepoeng).

Kursa Oahpa SAM-1034 - Eit gratis kurs spesielt retta mot kommunikasjon i daglege situasjonar. Kurset er knytt til UiT sitt emne SAM-1034 Samisk som fremmedspråk: Lytting og muntlig kommunikasjon (10 studiepoeng).

Gulahalan 1 - Eit svært bra svensk kurs for nordsamisk med enkle tekstar som er spelt inn og med ei ordliste i margen. 

 

 

Gulahalan 2 - Bygg vidare frå Gulahalan 1 med fleire små innspelte tekstar på nordsamisk med ordlister i margen.

 

Vidarekomande (B1-B2)

Kursa Oahpa SAM-1036 grammatikk - Alt frå enkel til meir avansert grammatikk laga til UiT emnet SAM-1036 Samisk som fremmedspråk: Innføringskurs 2 (20 studiepoeng). Kurset funker også bra som ein minigrammatikk for å slå opp. Dette bygg vidare på nybyrjarkurset SAM-1031. 

Kursa Oahpa SAM-1036 fáttát - Eit kurs bygd opp i ulike tema med ord, tekst, lytting, oppgåver og grammatikk. Kurset er laga til UiT emnet SAM-1036 Samisk som fremmedspråk: Innføringskurs 2 (20 studiepoeng). Dette bygg vidare på nybyrjarkurset SAM-1031. 

Ulike kurs frå A1-B2 frå Skuvla - Ulike kurs frå Skuvla med og utan lærar frå A1 til B2. Desse kursa har ein pris mellom 900 NOK og 5000 NOK. 

Avansert (B2-C2)

Om du er busatt i Nord-Noreg i kommunar som Tromsø, Kautokeino eller Karasjok finnest det fleire kurs heilt frå A1 til C2 nivå. Leit gjerne på kommunen sine eigne sider og søk eller kontakt dei om dei har eit samiskkurs for ditt nivå.

bottom of page