top of page

I Noreg

 

Riddu Riđđu - er ein internasjonal urfolksfestival som blir haldt årleg i Manndalen i Kåfjord kommune. Festivalen har kvart år eit breitt program som inkluderar barnefestival, ungdomscamp, kunstutstilling, litteratur, scenekunst, musikk, filmprogram, seminar og kurs. Det kjem både internasjonale og samiske artistar. Festivalen har særleg fokus på sjøsamisk kultur.

Márkomeannu - er ein samisk festival som årleg blir arrangert i Gállogieddi i Evenes kommune. Fesitvalen har som mål å fremma både markasamisk kultur spesifikt og samisk kultur generelt. Samiske artistar, kunstnarar og kulturutøvarar frå heile Sápmi delte på festivalen med musikk, scenekunst, litteratur, seminar og mykje meir.

Påskefestivalen i Kautokeino - er ein festival i Kautokeino som blir haldt årleg i påsken. På programmet er det konsertar, reinkappkjøring, utstillinger, forestillinger, duodjimarknad, teater, utandørsprogram og (kanskje høgdepunktet) Sámi Grand Prix.

Påskefestivalen i Karasjok - blir årleg arrangert i påsken i Karasjok med kultur, musikk og marknad. På programmet finn ein også scootercross, reinkappkjøring og skirenn.

Giellavahkku - Samisk språkveke i februar i heile landet. Arrangementet er eit initativ frå Sametinget for å lyfta statusen til dei samiske språka og auka kunnskapen om dei i samfunnet. 

Raasten Rastah - er ein sørsamisk festival som blir haldt i Røros annankvart år. Den tilbyr blant anna aktivitetar innan teater, kunst, musikk og film.

Samisk uke i Tromsø - er ei rekke samiske aktivitetar og arrangement som blir haldt kvart år i Tromsø rundt Samefolkets dag 6. februar.

Samisk musikkfestuke i Alta - er ei samisk musikkveke i Alta som i 2023 blei arrangert rundt Samefolkets dag 6. februar.

 

Beskán Luossa Rock - er ein samisk musikkfestival som blir haldt på sommaren i Karasjok. 

Tjaktjen Tjåanghkoe - er ein sørsamisk haustfestival som blir arrangert i slutten av august i Snåsa. Den tilbyr både konsertar og ulike seminar.

Verddeturneringen - Samisk fotballturnering i juni. 

Arrangement og festivalar

I Norden og Russland

 

Jokkmokks Marknad - Ein historisk samsisk marknadsplass i Jokkmokk i Sverige som strekk seg tilbake til 1600-talet. I dag blir marknaden haldt i februar. Her kan du kjøpa diverse samiske produkt, prøva samisk mat og delta på diverse arrangement knytt til marknaden.

Ubmejen Biejvieh - Ein årleg samisk kulturfestival i Umeå i Sverige. Programmet består av blant anna teater, dans, litteratur, workshops for barn, utstillingar og konsertar. 

Jovnesåhkoeh Åanghkerenjeeruvisnie - Tradisjonell sørsamisk midsommarfeiring i Ankarede i Jemtland i Sverige.

Ijahis Idja - Ein musikkfestival for urfolk haldt i Enare i Finland kvart år. Festivalen har særleg fokus på samisk musikk. 

Skábmagovat - Filmfestival for urfolk haldt i Enare i Findland.

Márjjabeaivvit - Feiring av jomfru Maria sin burdag i Enontekiö i Finland.

Luujäuˊrr / Summer Saami Games - Kultur og idrettsarrangement for samar i Russland i regionen Murmansk. 

bottom of page